Produksjonstal mars 2023
19.04.2023 Førebels produksjonstal i mars 2023 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 049 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 10,6 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,7 (GSm3) meir enn månaden før.
Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 826 000 fat olje, 201 000 fat NGL og 23 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Oljeproduksjonen er 0,1 prosent over OD sin prognose for mars 2023 og 1,7 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2023.
Produksjonstall mars 2023
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | mars 2023 | 1,834 | 2,060 | 354,4 | 0,682 |
Prognose for | mars 2023 | 1,823 | 2,037 | 352,8 | 0,677 |
Avvik frå prognose | 0,011 | 0,023 | 1,6 | 0,005 | |
Avvik frå prognose i % | 0,6 % | 1,1 % | 0,5 % | 0,7 % | |
Produksjon | februar 2023 | 1,774 | 2,003 | 356,1 | 0,675 |
Endring frå | februar 2023 | 0,060 | 0,057 | -1,7 | 0,007 |
Endring i % frå | februar 2023 | 3,4 % | 2,8 % | -0,5 % | 1 % |
Produksjon | mars 2022 | 1,742 | 1,946 | 338,4 | 0,648 |
Endring frå | mars 2022 | 0,092 | 0,114 | 16 | 0,034 |
Endring i % frå | mars 2022 | 5,3 % | 5,9 % | 4,7 % | 5,2 % |
Oljeproduksjon mars 2023
Væskeproduksjon mars 2023
Gassproduksjon mars 2023
Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2023 er om lag 60,4 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 25,6 MSm3 o.e olje, om lag 3,3 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 31,5 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,3 MSm3 o.e. meir enn i 2022.
Oppdatert: 19.04.2023