Produksjonstal desember 2023

johan-sverdrup-credit-jonny-engelsvoll-equinor.jpg

Johan Sverdrup feltet (Foto: Jonny Engelsvoll/Equinor)

23.01.2024 Førebels produksjonstal i desember 2023 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 096 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 11,75 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,8 (GSm3) meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i desember fordeler seg slik: 1 847 000 fat olje, 228 000 fat NGL og 21 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 1,9 prosent over Sokkeldirektoratet sin prognose for desember 2023 og 0,5 prosent under prognosen for kumulativ produksjon i 2023.

Produksjonstall desember 2023

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon desember 2023 1,870 2,122 382,8 0,720
 
Prognose for desember 2023 1,813 2,039 352,1 0,676
Avvik frå prognose 0,057 0,083 30,7 0,044
Avvik frå prognose i % 3,1 % 4,1 % 8,7 % 6,5 %
 
Produksjon november 2023 1,805 2,045 365 0,690
Endring frå november 2023 0,065 0,077 17,8 0,030
Endring i % frå november 2023 3,6 % 3,8 % 4,9 % 4,3 %
 
Produksjon desember 2022 1,772 2,001 360,3 0,678
Endring frå desember 2022 0,098 0,121 22,5 0,042
Endring i % frå desember 2022 5,5 % 6 % 6,2 % 6,2 %

Oljeproduksjon desember 2023

Væskeproduksjon desember 2023

Gassproduksjon desember 2023

Den totale petroleumsproduksjonen i 2023 er om lag 234,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 104,1 MSm3 o.e olje, om lag 12,9 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 117,3 MSm3 o.e gass.

Totalvolumet er 0,2 MSm3 o.e. meir enn i 2022.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 23.01.2024