Produksjonstal januar 2024

statfjordB-harald-pettersen-equinor.jpg

Statfjordfeltet med Statfjord B i forgrunnen. (Foto: Harald Pettersen/Equinor)

20.02.2024 Førebels produksjonstal i januar 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 071 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 11,71 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,2 (GSm3) mindre enn månaden før.

Væskeproduksjonen i januar fordeler seg slik: 1 829 000 fat olje, 222 000 fat NGL og 20 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Produksjonstall januar 2024

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon januar 2024 1,826 2,074 379,3 0,709
 
Prognose for januar 2024 1,794 2,055 378,4 0,705
Avvik frå prognose 0,032 0,019 0,9 0,004
Avvik frå prognose i % 1,8 % 0,9 % 0,2 % 0,6 %
 
Produksjon desember 2023 1,870 2,122 382,8 0,720
Endring frå desember 2023 -0,044 -0,048 -3,4 -0,011
Endring i % frå desember 2023 -2,4 % -2,3 % -0,9 % -1,5 %
 
Produksjon januar 2023 1,765 1,995 359 0,676
Endring frå januar 2023 0,061 0,079 20,4 0,033
Endring i % frå januar 2023 3,5 % 4 % 5,7 % 4,9 %

Oljeproduksjon januar 2024

Væskeproduksjon januar 2024

Gassproduksjon januar 2024

Oljeproduksjonen er 1,9 prosent over Sokkeldirektoratet sin prognose for januar 2024.

Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2024 er om lag 21,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 9,0 MSm3 o.e olje, om lag 1,2 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 11,7 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 1,0 MSm3 o.e. meir enn i januar 2023.

 

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 20.02.2024