Produksjonstal mars 2024
19.04.2024 Førebels produksjonstal i mars 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 086 000 fat olje, NGL og kondensat.
Til saman blei det selt 11,3 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,9 (GSm3) meir enn månaden før.
Væskeproduksjonen i mars fordeler seg slik: 1 843 000 fat olje, 223 000 fat NGL og 20 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Produksjonstall mars 2024
Olje mill fat/dag |
Sum væske mill fat/dag |
Gass MSm³/dag |
Totalt MSm³ o.e/dag |
||
---|---|---|---|---|---|
Produksjon | mars 2024 | 1,844 | 2,092 | 366,2 | 0,699 |
Prognose for | mars 2024 | 1,763 | 2,008 | 360,9 | 0,680 |
Avvik frå prognose | 0,081 | 0,084 | 5,3 | 0,019 | |
Avvik frå prognose i % | 4,6 % | 4,2 % | 1,5 % | 2,8 % | |
Produksjon | februar 2024 | 1,765 | 2,003 | 360,4 | 0,679 |
Endring frå | februar 2024 | 0,079 | 0,089 | 5,8 | 0,020 |
Endring i % frå | februar 2024 | 4,5 % | 4,4 % | 1,6 % | 2,9 % |
Produksjon | mars 2023 | 1,834 | 2,060 | 354,4 | 0,682 |
Endring frå | mars 2023 | 0,010 | 0,032 | 11,8 | 0,017 |
Endring i % frå | mars 2023 | 0,5 % | 1,6 % | 3,3 % | 2,5 % |
Oljeproduksjon mars 2024
Væskeproduksjon mars 2024
Gassproduksjon mars 2024
Oljeproduksjonen er 4,6 prosent over Sokkeldirektoratet sin prognose for mars 2024 og 1,9 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2024.
Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2024 er om lag 63,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 26,2 MSm3 o.e olje, om lag 3,5 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 33,5 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 2,2 MSm3 o.e. meir enn i 2023.
Oppdatert: 19.04.2024