Produksjonstal oktober 2024

aasta-hansteen-equinor

Aasta Hansteen-feltet. (Foto: Equinor)

20.11.2024 Førebels produksjonstal i oktober 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 988 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 10,6 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 3,4 (GSm3) meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 774 000 fat olje, 196 000 fat NGL og 19 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Produksjonstall oktober 2024

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon oktober 2024 1,781 2,000 341,9 0,660
 
Prognose for oktober 2024 1,639 1,875 328 0,626
Avvik frå prognose 0,142 0,125 13,8 0,034
Avvik frå prognose i % 8,7 % 6,7 % 4,2 % 5,4 %
 
Produksjon september 2024 1,600 1,734 241,4 0,517
Endring frå september 2024 0,181 0,266 100,4 0,143
Endring i % frå september 2024 11,3 % 15,3 % 41,6 % 27,7 %
 
Produksjon oktober 2023 1,772 1,986 328,8 0,645
Endring frå oktober 2023 0,009 0,014 13,1 0,015
Endring i % frå oktober 2023 0,5 % 0,7 % 4 % 2,3 %

Oljeproduksjon oktober 2024

Væskeproduksjon oktober 2024

Gassproduksjon oktober 2024

Oljeproduksjonen er 8,2 prosent over Sokkeldirektoratet sin prognose for oktober 2024 og 3,9 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2024.

Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2024 er om lag 201,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 85,8 MSm3 o.e olje, om lag 11,2 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 104,1 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 9,5 MSm3 o.e. meir enn i 2023.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 20.11.2024