14.06.2024
Brønnen 35/11-29 S (”Toppand east”) i Nordsjøen bora av Wellesley, Equinor og Petoro viste seg å vere tørr.
Brønnen ligg i utvinningsløyve 248 C, der Equinor er operatør. Wellesley Petroleum var operatør for denne brønnen som blei bora med riggen COSL Promoter. Løyve 248 C blei frådelt frå utvinningsløyve 248 i 2013. Området dekkjer funnet «Swisher» (35/11-24s A og B).
Utvinningsløyve 248 C arbeider med å identifisere tilleggsressursar til funnet «Swisher» for å robustgjere ei utbygging som del av Equinors Ringvei Vest-prosjekt.
Geologisk info
Formålet med brønnen var å påvise petroleum i midtre jura reservoarbergartar i Brentgruppen og Osebergformasjonen
Brønnen trefte Nessformasjonen på totalt om lag 64 meter med sandsteinsreservoar på 18 meter med dårleg reservoarkvalitet, Etiveformasjonen på totalt om lag 51 meter med sandsteinsreservoar på 26 meter med god reservoarkvalitet og Osebergformasjonen på totalt om lag 50 meter med sandsteinsreservoar på 50 meter med moderat reservoarkvalitet.
Brønnen er tørr.
Brønn 35/11-29 S blei bora til eit vertikalt djup og målt djup på hhv 3490 meter og 3575 meter under havflata, og blei avslutta i Cookformasjonen i nedre jura.
Havdjupet er 355 meter. Brønnen er permanent plugga og forlaten.
05.02.2025
Sokkeldirektoratet fremlegger med dette forslag til ny forskrift om datainnsamling og dokumentasjon i mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen til offentlig høring.
17.01.2025
Vår Energi ASA og partnerne fant gass i prospektet «Elgol», men foreløpig beregning viser at funnet ikke er lønnsomt med dagens prisforutsetninger.