CO2-atlas

Noreg har lang erfaring med å lagre karbondioksid (CO2) under havbotnen på kontinentalsokkelen. Sokkeldirektoratet jobbar med spørsmål knytt til fangst, transport og lagring av CO2.

Vi kartlegg områd som eignar seg til langvarig og sikker lagring, og greier også ut bruk av CO2 til å auke oljeutvinninga.

CO2-samleatlas for norsk kontinentalsokkel (på engelsk)

Direktoratet har kartlagt moglege CO2-lager på norsk sokkel, og gir ut ein samla, oppdatert versjon av tidlegare atlas (finst bare på engelsk).


CO2-lagringsatlas for den sørlege delen av Barentshavet

Direktoratet har fullført kartlegginga av moglege CO2-lager på norsk sokkel, og atlaset er over den sørlege delen av Barentshavet.


CO2-lagringsatlas for Norskehavet

Det er mogleg å lagre 5,5 gigatonn karbondioksid i Norskehavet, ifølge direktoratet sitt lagringsatlas. Det er over hundre gongar meir enn all CO2 som blei sluppe ut i Noreg i fjor.


CO2-lagringsatlas for Nordsjøen

Eit atlas som beskriv moglege undergrunnslager for karbondioksid i den norske delen av Nordsjøen.

Oppdatert: 18.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.