CO2-lagringsatlas for Nordsjøen

Eit atlas som beskriv moglege undergrunnslager for karbondioksid i den norske delen av Nordsjøen blir i dag overlevert Olje- og energidepartementet.

Atlaset, som er utarbeidd av Oljedirektoratet, viser at dette området har ein samla lagringskapasitet på rundt 70 milliardar tonn - eller 70 gigatonn - karbondioksid. Oljeraffineriet på Mongstad i Hordaland, som er den største enkeltkjelda for CO2-utlepp i Noreg, slepp til sammenlikning ut om lag 1,5 millionar tonn karbondioksid per år.

”Vi antok at dei kartlagte områda hadde eit stort potensial, og det har vi no fått stadfesta,” seier Eva Halland, prosjektleiar for utarbeidinga av atlaset.

Føremålet med atlaset, som er det første i sitt slag, er å gi ei oversikt over geologiske strukturar som eignar seg for sikker og langsiktig oppbevaring av CO2. Kunnskap om reservoareigenskapar, forseglingsbergartar, migrasjonsruter, lagringskapasitet og overvåkingsmetodar er avgjerende for å kunne fastslå om potensielle lager er eigna til å oppbevare CO2 over lang tid.

Atlaset er basert på studiar og data frå meir enn 40 år med petroleumsaktivitet. Tjueein geologiske formasjonar er kartlagt og vurdert med omsyn til reservoarkvalitet og forseglande lag er til stades. Reservoar som ser ut til å vere godt eigna er vurdert nærmare.

Direktoratet har vurdert nedstengte olje- og gassfelt, i tillegg til produserande felt som etter planen skal stengast ned innen 2030 og 2050. Lager som kan brukast i samband med auka utvinning ved hjelp av injisering av CO2 er også beskrive.

Arbeidet har ifølge Halland gitt ei betre forståing av dei kystnære områda, inkludert formasjonane Utsira og Skade, som har vist seg å vere meir komplekse enn ein såg føre seg.

”Det kan vere eit stort potensial i disse formasjonane, men dette må greiast ut vidare,” seier Halland.

Lagringsatlaset er retta mot styresmakter og selskap som har behov for informasjon om kor CO2 kan lagrast på ein sikker og effektiv måte. I tillegg kan det vere eit nyttig verktøy i undervisninga på skular og universitet.

Atlaset kjem til å bli brukt av direktoratet i samband med utlysingar og søknadar om lagring av CO2.

Atlaset, som bare finst på engelsk, er gratis tilgjengeleg for nedlasting frå direktoratet sin nettstad. Innbunde utgåve kostar 1000 kroner (sjå høgre kolonne).

Kontakt
carbonstorage@sodir.no

Tlf: 51 87 60 00

Oppdatert: 18.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
carbonstorage@sodir.no

Tlf: 51 87 60 00