CO2-lagringsatlas for Norskehavet

Det er mogleg å lagre 5,5 gigatonn karbondioksid i Norskehavet, viser Oljedirektoratets nye lagringsatlas. Det er over hundre gangar meir enn all CO2 som ble sluppe ut i Noreg i 2012.

Kartlegginga er ei vidareføring av atlaset frå 2011 over den norske delen av Nordsjøen, som ble vurdert å kunne romme om lag 70 gigatonn CO2.

Atlaset er laga på oppdrag frå Olje- og energidepartementet, og dekker området mellom 62° og 69°30" nord. Området som eignar seg best er Trøndelagsplattformen, inkludert Nordlandsryggen. Trøndelagsplattformen omfattar Frobassenget, som har ein heilskapleg sedimentpakke frå Jura og Trias og som kan eigne seg for CO2-migrering over store avstandar, og Helgelandsbassenget. Sistnemnde har store strukturar på austflanken, delt inn i dalar som er djupe nok til å verke som barrierar mot væskestrømming i dei vannfylte formasjonane (akviferane) frå Jura.

På Nordlandsryggen er det kartlagt tre store strukturar som er skilt frå dei hydrokarbonførande terrassane mot vest, og kan eigne seg for lagring av CO2.

De mest modne områda i Norskehavet, det vil seie kor det ligg føre mest informasjon, har ein lagringskapasitet på om lag 0,17 gigatonn.

Formålet med kartlegginga har vore å identifisere område som eignar seg til sikker og langsiktig lagring av CO2, og som ikkje har negativ innverknad på noverande og framtidige petroleumsaktivitetar. Gode lagringsstadar nær produserande felt gjer det mogleg å lagre overskudds-CO2 frå gassproduksjon. Dette er relevant for felt og funn med høgt innhald av CO2.

Atlaset er basert på studiar og data frå meir enn 40 år med oljeaktivitet, og dei to CO2-lagringsprosjekta på Sleipner og Snøhvit. Kartlegginga bygger på detaljert informasjon om alle relevante geologiske formasjonar og olje- og gassfelt i Norskehavet.

Kontakt
carbonstorage@sodir.no

Tlf: 51 87 60 00

Oppdatert: 18.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
carbonstorage@sodir.no

Tlf: 51 87 60 00