Brønndefinisjonar

Forklaring til brønnuttrykk.

Kjelde: Forskrift for ressursforvaltning i petroleumsvirksomheten (ressursforskrifta).

Andre borehol: hol som bli bora for å hente inn opplysningar om bergartene sine karakteristika og/eller for å utføre geotekniske undersøkingar for plassering av innretningar, og som ikkje blir bora for å påvise eller avgrense ein petroleumsførekomst eller for å produsere eller injisere petroleum, vatn eller anna medium.

Avgrensingsbrønn: leitebrønn som blir bora for å bestemme utstrekning og storleik av ein petroleumsførekomst som alt er påvist av ein undersøkingsbrønn.

Brønn: hol som bli bora for å finne eller avgrense ein petroleumsførekomst og/eller for å produsere petroleum eller vatn til injeksjonsføremål, injisere gass, vatn eller anna medium, eller kartlegge eller overvåke brønnparameter. Det er fleire kategoriar av brønnar. Ein brønn kan bestå av ein eller fleire brønnbanar og kan ha eitt eller fleire endepunkt.

Brønnbane: nemner kor brønnen ligg frå eitt endepunkt til brønnhovudet. Ein brønnbane kan bestå av eitt eller flere brønnspor.

Brønnmål: geologisk brønnmål: den eller dei geologiske eining(ar) brønnen skal borast inn i, boreteknisk brønnmål: brønnbanen sitt endepunkt (inkluderer geografiske koordinatar og djup i meter).

Brønnspor: den delen av brønnbanen som strekker seg frå eit utboringspunkt på eksisterande brønnbane til nytt endepunkt for brønnen.

Fleirgreinsbrønn: brønn som blir bora for å produsere og/eller injisere frå fleire brønnbanar samstundes.

Forbiboring/teknisk sidesteg: naudsynt boring ut til sida (nytt brønnspor) for å omgå uventa hindringar i brønnen og der geologisk og boreteknisk brønnmål er uendra.

Havbotnkomplettert brønn: utvinningsbrønn som blir komplettert med ventiltre på havbotnen eller på botnramme og kopla til ei produksjons- eller injeksjonsinnretning.

Injeksjonsbrønn: utvinningsbrønn eller prøveutvinningsbrønn som blir brukt til injeksjon av gass, vatn eller anna medium.

Leitebrønn: brønn som blir bora for å påvise mogleg førekomst av petroleum eller skaffe informasjon for å avgrense ein påvist førekomst. Leitebrønn er ei fellesnemning for undersøkings- og avgrensingsbrønnar.

Observasjonsbrønn: utvinnings- eller prøveutvinningsbrønn som blir brukt til å måle spesifikke brønnparameter.

Oppgitt brønn: brønn som i borefasen er permanent plugga av tekniske årsakar.

Produksjonsbrønn: utvinningsbrønn som blir brukt til produksjon av petroleum eller av vatn til injeksjonsføremål.

Prøveutvinningsbrønn: brønn som blir brukt til prøveutvinning.

Undersøkingsbrønn: leitebrønn som blir bora for å undersøke om det er (påvise) petroleum i ein mogleg førekomst.

Utvinningsbrønn: fellesnemning for brønnar som blir brukt til utvinning av petroleum; produksjonsbrønnar, injeksjonsbrønnar og observasjonsbrønnar og moglege kombinasjoner av desse. 

Oppdatert: 13.06.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.