CO2-atlas
Sokkeldirektoratet har kartlagt område på norsk sokkel som eignar seg til lagring. Kartlegginga viser at det er mogleg å lagre store mengder CO2 i undergrunnen.
Dette er basert på tilgang til over 50 år med data samla inn i samband med petroleumsaktiviteten og ei berekning av potensialet for lagring av CO2 i aktuelle formasjonar.
Basert på dette utarbeidde Sokkeldirektoratet i 2014 eit CO2-lagringsatlas som viser lagringsmoglegheitene på norsk sokkel. Du kan laste ned figurar og bilete inne i atlaset.
Les CO2-lagringsatlas for norsk sokkel (på engelsk)
Interaktivt CO2-atlas
Det interaktive CO2-atlaset fortel historia om CO2-lagring på norsk sokkel.
Det er utforma på ein måte som skal gjere det lettare å forstå dei tekniske tala og bileta. I CO2-faktakartet kan ein velje å sjå på dei spesifikke objekta, som kan vere formasjonar der CO2 eller anna kan lagrast.
Utforsk meir i vårt interaktive CO2-faktakart (engelsk)
Oppdatert: 03.02.2025