Geologi

Sokkeldirektoratet skal ha oversikt over petroleumsressursane på norsk sokkel, både kva som er produsert og kva som er igjen i felt og funn. Vi reknar og på kva som er igjen å finne.
Brei geofagleg kompetanse er avgjerande for at vi skal kunne kartlegge og tolke data om petroleumsressursane under havbotnen og følgje opp selskapa som driv med utvinning.
Vi har eit nasjonalt ansvar for å ta vare på data frå sokkelen og gjere dei tilgjengelege for næring og akademia, i tillegg gir vi faglege råd til Energidepartementet.
Den geofaglege kompetansen vår gjer at vi også har oppgåver innan dei såkalla nye næringane – lagring av CO2, havvind og mineral på havbotnen.
Oppdatert: 23.01.2025