Digitale palynologiske preparat

palyslide.png

Palynologiske preparat inneheld fossilt mikroplankton, pollen og sporar frå kjernar og borekaks.

Operatørar og laboratorium produserer palynologiske preparat og leverer desse til Sokkeldirektoratet etter ressursforskrifta sin paragraf 29. ​

Analyse av palynologiske preparat belyser fire geologiske faktorar i leite- og utvinningsbrønnar:​ aldersdatering, brønnkorrelering, avsetningsmiljø og palynofacies. ​

Sokkeldirektoratet deler palynologiske preparat med industrien og akademia for å auke forståinga av undergrunnen. Betre geologisk kunnskap reduserer feilmarginar av geologisk tolking og kartlegging, dette reduserer økonomisk risiko av leiting og produksjon. Derfor er elektronisk tilgang til palynologiske preparat ein fordel for både industrien og nasjonen.​

Gjennom samarbeid med medisinske miljø i Finland, Sverige og Ungarn har Sokkeldirektoratet fått innsikt i teknologiske framskritt som spesialistar innan patologi og cytologi har drive fram. Mest relevant for geologiske problemstillingar er forsking og utvikling rundt digitalisering av mikroskoppreparat og kunstig intelligent diagnose av celleprøvar.​

Sokkeldirektoratet brukar denne teknologien på geologiske fagområde som er basert på gjennomtrengande lysmikroskopi. I første fase gjeld dette palynologi. Seinare kan prosjektet bli utvida med petrografiske tynnslip og nannoplanktonpreparat.​

Store 4K og 8K skjermar gir brukaren ei imponerande visuell oppleving som mange finn meir informasjonsrik enn tradisjonell optisk mikroskopi. Brukaren kan annotere palynomorfar for å dokumentere arten er tilstades og oppnå taksonomisk konsensus mellom laboratorium og klientar. SlideViewer eksporterer bilete av annoterte fossil som treningsdata for maskinlæring.​

Biostratigrafar kan no bruke visualiserings- og diagnoseverktøya til patologane for å analysere og tolke digitale palynologiske preparat tilgjengeleg i Diskos.​

 

Ta kontakt eller bestill skanning

palyslides@sodir.no

Oppdatert: 17.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Ta kontakt eller bestill skanning

palyslides@sodir.no