Manganskorper
Kaldt havvatn inneheld oppløysteste metallforbindelsar, og forbindelsane har si opprinning frå varme kjelder og avrenning frå landområde. Manganskorper er dermed utfellingar frå sjøvatnet, som sakte bygger seg opp på undersjøiske fjellformasjonar i djuphavet.
Som en tommelfingerregel aukar tjukkleiken med ein centimeter på ein million år. Sokkeldirektoratet har påvist skorpeførekomstar med tjukkleik på opptil 40 centimeter.
Manganskorper inneheld mest mangan og jern, og mindre mengder av kobolt, nikkel, kopar, litium, scandium og andre meir sjeldne metall.
Den mørke delen av prøven på biletet viser manganskorpe som har vore avsett på den lysare bergarten, som i dette tilfellet er basalt. Foto: Sokkeldirektoratet.
Mangannodular
Prospektive mangannodular er til no ikkje påvist på norsk sokkel, men er kjent frå andre stedar i verda. Dei blir danna og har ein kjemi som på mange måter er lik våre manganskorper.
Oppdatert: 24.07.2024