Sulfid

Sulfid-2-OD-2020-1920px.jpg

Del av ein forlatt skorsteinstruktur henta opp frå Mohnsskatten under Sokkeldirektoratets tokt i 2020. Foto: Sokkeldirektoratet.

Sulfid er kjemiske forbindelsar mellom svovel og ei rekke grunnstoff som blir danna naturleg.

I Noreg er det eldre sulfidførekomstar i fleire gruver på land, og sulfid blir i dag danna på den vulkanske spreiingsryggen mellom Noreg og Grønland.

Mineral blir felt ut

Sjøvatn trenger ned i undergrunnen over magmakammer, og sjøvatnet blir varma opp til over 300 gradar. Det varme og korrosive sjøvatnet leskar ut metall frå bergartane. Det varme vatnet stig opp i varme kjelder på havbotnen, og minerala blir felt ut på havbotnen i kontakt med det kaldare sjøvatnet.

Her kan sulfida byggast opp i høge skorsteinar. Skorsteinane rasar etter kvart samman og dannar grushaugar. Slike grushaugar med mineralførekomstar har Sokkeldirektoratet kartlagt og tatt mange prøvar av.

 

Sulfidproeve-malakitt-utfelling-OD-2020.jpg

Bildet: Sulfidprøve, malakittutfelling, 2020.

 

 

Oppdatert: 24.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.