Datainnsamling
Sokkeldirektoratet gjennomfører geofysiske forundersøkingar for havvindinnretningar på oppdrag frå Energidepartementet. Dataa kan gi ei beskriving av kor godt havbotnen og undergrunnen er eigna for å etablere infrastruktur for havvindparkar.
Undersøkingane er og viktige for å kvalitetssikre dataa med omsyn til samfunnstryggleik. Dataa blir gjort tilgjengelege for aktuelle aktørar for utbygging av havvind når dei er ferdig bearbeida og kvalitetssikra.
Data som kan lastast ned
Sokkeldirektoratet gjennomførte geofysiske forundersøkingar for havvindsinnretningar i Sørlige Nordsjø II og på Utsira Nord i 2022, 2023 og 2024.
Dataa frå grunnundersøkingarne på første fase av Sørlige Nordsjø II kan lastast ned frå Diskos, eit nasjonalt datalager for leite- og utvinningsrelatert informasjon frå norsk sokkel.
Aktørar som ønskjer tilgang til dei innsamla dataa, NPD22100 (NPDid 10679) og NPD23100 (NPDid 10620) kan gå inn på Diskos Public Portal
Kvar undersøking inneheld sju datatypar og tolkingsrapportar.
For første fase for Sørlige Nordsjø II (austleg del), blei det i 2022 og 2023 til saman samla inn 4481 kilometer med data. Det er og samla inn 3883 kilometer med data i vestleg del av Sørlige Nordsjø II.
Forundersøkinga for Utsira Nord blei påbyrja i 2023, og 3027 kilometer med data blei samla inn. Gjenståande kartlegging for området (1505 kilometer) blei ferdigstilt i mai 2024.
Datatypar
- 2D Ultra-High-Resolution (UHR), multi-kanal seismikk
- Botnpenetrerande ekkolodd
- Multistråleekkolodd (MBES)
- MBES backscatter data
- MBES vasskolonne data
- Magnetometer data
- Sidesøkande sonar (SSS) data
Magnetometerdata og MBES vasskolonnedata kjem først til å bli gjort tilgjengelege etter tildeling. Då vil dataa vere tilgjengelege for den som skal bygge ut arealet. Aktørar vil og få tilgang til den fullstendige versjonen av tolkingsrapporten.
Oppdatert: 15.07.2024