Grunnundersøkingar
Det er viktig å undersøke om havbotnen er eigna til å plassere innretningar for havvind. Vindturbinane må forankrast i havbotnen på ein måte som tåler ekstreme verforhold.
Undersøkingar av undergrunnen er difor første steg for å vurdere om han er eigna for å plassere ein vindturbinpark i eit utlyst område.
Kartlegginga kan identifisere potensielle risikoar som kan føre til utfordringar ved etablering av havvindpark, for eksempel:
- Kor eigna havbotnen er (rørsle, ujamnskapar, stabilitet, osb.)
- Store steinblokker på havbotnen eller i undergrunnen som skaper ustabilitet for plasseringa
- Gasslommer i undergrunnen som kan skape ustabilitet
Grundige undersøkingar
Ei grunnundersøking består av geofysiske målingar utført av tre instrumentsett:
Skrogbasert datainnsamling
- Batymetri
- Backscatter data
- Botnpenetrerande ekkolodd
- Vasskolonnedata
Måling med instrument som blir taua djupt
- Magnetometer
- Sidesøkande sonar
Seismikk
- Ultrahøg oppløyseleg 2D med sparkerkjelde
Data som er henta inn frå grunnundersøkingane blir stilt saman for å kartleggje eventuelle avvik i eller på undergrunnen som kan vere til risiko for etablering av havvindparken.
Oppdatert: 15.07.2024