Olje- og gassfunn nær Framfeltet i Nordsjøen
14.03.2023 Equinor Energy AS, operatør for utvinningsløyve 827S, har avslutta boring av undersøkingsbrønn 35/10-9 på Heisenbergprospektet.
Brønnen blei bora 10 kilometer nordvest for Framfeltet og om lag 140 kilometer nordvest for Bergen.
Formålet med brønnen var å påvise petroleum i reservoarbergartar i Hordalandgruppen av paleogen alder.
Brønn 35/10-9 trefte ein gasskolonne på 6 meter over ein oljekolonne på om lag 8 meter i Hordalandgruppen i sandsteinslag på til saman 14 meter med moderate reservoareigenskapar.
Gass/oljekontakten blei treft på 1557 meter under havnivå. Olje/vasskontakten blei ikkje treft.
Førebels berekning av storleiken på funnet er mellom 3,8 og 13,3 millionar standard kubikkmeter (Sm3)utvinnbare oljeekvivalentar.
Rettshavarane vil vurdere avgrensing av funnet og tilknyting til eksisterande infrastruktur i området.
Brønnen blei ikkje formasjonstetesta, men det er utført omfattande datainnsamling og prøvetaking.
Dette er den andre leitebrønnen i utvinningsløyve 827S. Løyvet blei tildelt i TFO 2015.
Brønn 35/10-9 blei bora til eit vertikalt djup på 1794 meter under havoverflata. Brønnen blei avslutta i Rogalandgruppen av paleocen alder. Havdjupet er 368 meter. Brønnen er permanent plugga og forlaten.
Brønnen blei bora av boreinnretninga Deepsea Stavanger, som no skal bore undersøkingsbrønn 6406/5-2 i utvinningsløyve 255B i Norskehavet, der Equinor er operatør.
Oppdatert: 14.03.2023