Tørr brønn nær Visundfeltet i Nordsjøen

transocean-spitsbergen.jpg

Brønnen blei bora av boreinnretninga Transocean Spitsbergen. Foto: Transocean.

24.03.2023 Equinor Energy AS, operatør for utvinningsløyve 554, har avslutta boring av undersøkingsbrønn 34/6-6 S.

Brønnen blei bora om lag 10 kilometer nord for Visundfeltet, og om lag 190 kilometer nordvest for Bergen.

Formålet med brønnen var å påvise petroleum i reservoarbergartar i Brentgruppen av mellomjura alder.

Brønn 34/6-6 S trefte på Tarbert-, Etive- og Rannochformasjonen på til saman 140 meter, hvorav om lag 90 meter sandsteinslag med dårleg til god reservoarkvalitet. I tillegg blei det påvist 14 meter sandsteinslag med dårleg til moderat reservoarkvalitet i Cookformasjonen som totalt var om lag 75 meter mektig.

Brønnen er tørr. Det er utført datainnsamling.

Dette er den sjuande leitebrønnen i utvinningsløyve 554. Løyvet blei tildelt i TFO 2009.

Brønn 34/6-6 S blei bora til eit målt og vertikalt djup på 3965 meter og 3713 meter under havflata. Brønnen blei avslutta i Burtonformasjonen av tidligjura alder.

Havdjupet er 374 meter. Brønnen er permanent plugga og forlaten.

Brønnen blei bora av boreinnretninga Transocean Spitsbergen, som no skal bore utviklingsbrønn på Vigdisfeltet i utvinningsløyve 089 i Nordsjøen, der Equinor Energy AS er operatør.

Kart som viser kvar brønn 34/6-6 S er lokalisert.

 

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 24.03.2023

Siste nyheter

Tørre brønner i Nordsjøen (35/10-14 S og A)
23.12.2024 Equinor og partnerne har boret to tørre brønner («Kvernbit/Mimung») i Nordsjøen.
Boreløyve for brønnbane 7/1-3
23.12.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Vår Energi ASA boreløyve for brønnbane 7/1-3 i utvinningsløyve 1090, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Produksjonstal november 2024
20.12.2024 Førebels produksjonstal i november 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 975 000 fat olje, NGL og kondensat.
Hva vil du lære mer om på Teknologidagen 2025?
20.12.2024 Sokkeldirektoratet arrangerer teknologidag 5. juni 2025 i Stavanger – nå kan du nominere forslag til foredrag på teknologidagen.
Tre selskap får tilbud om areal for lagring av CO2
19.12.2024 I dag har tre selskap fått tilbud om letetillatelser til lagring av CO2 i to areal i Nordsjøen.
Sokkelåret 2024 presenteres 9. januar
19.12.2024 9. januar 2025 klokka 10.00 får du tallene, trendene og historiene presentert av direktør Torgeir Stordal.
Boreløyve for brønnbanane 6306/6-3 S og 6507/5-13 S
19.12.2024 Sokkeldirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønnbane 6306/6-3 S i utvinningsløyve 886 og 6507/5-13 S i utvinningsløyve 212, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Funn av olje og gass i Nordsjøen (31/1-4)
17.12.2024 Equinor og partnerne har funnet olje og gass i undersøkelsesbrønn 31/1-4 («Ringand») i Nordsjøen.
Oljefunn nær Goliat-feltet (7122/8-2 S)
16.12.2024 Vår Energi og partner Equinor har påvist olje i letebrønn 7122/8-2 S i Barentshavet.
Tørr brønn i Nordsjøen (34/6-7 S)
13.12.2024 Aker BP og partnerne har boret undersøkelsesbrønn 34/6-7 S («Kaldafjell») i den nordlige delen av Nordsjøen.