Avanserte utvinningsmetodar (EOR)

Avanserte utvinningsmetodar (enhanced oil recovery, EOR) siktar på den oljs som ikke lar seg fortrenge ved konvensjonell vass- og/eller gassinjeksjon.

Fleire av felta på norsk sokkel har produsert så lenge at korkje reservoartrykket i seg sjølv eller vass- og gassinjeksjon gir tilstrekkeleg oljeproduksjon lenger.

Grunnen til dette er at olja som er igjen ikkje lar seg frigjere frå bergarten ved injeksjon av meir vatn eller gass. Denne gjenverande olja blir kalla immobil. For at den immobile olja skal kunne produserast, må ein bruke andre utvinningsmetodar. ​

Metodane for å auke oljeutvinninga frå reservoar utover dei tidligare omtalte injeksjonsmetodane går under nemninga EOR.

Kva EOR-metode som vil gi best utvinning frå eit reservoar avheng av kva reservoareigenskapar det gitte reservoaret har. Sokkeldirektoratet ser potensial for stor verdiskaping gjennom EOR-metodear for felt på norsk sokkel. ​​

Les meir

Kvifor får vi ikkje ut all olja?​

EOR-screeningstudie 2017​

 

Hva betyr det?

Mobil gjenverande olje

Mobil gjenverande olje er bevegeleg olje som ikkje er fortrengt til produksjonsbrønnar ved hjelp av vatn eller gass. Denne olja kan i prinsippet utvinnast ved hjelp av fleire brønnar og meir langvarig bruk av vass- og/eller gassinjeksjon.​​

Immobil olje

Immobil olje er olje som heng fast på poreveggen i reservoaret. Denne kan ikkje pressast ut av porene og produserast ved meir injeksjon av vatn eller gass. Ein må bruke avanserte metodar (EOR) for at delar av den immobile olja skal kunne mobiliserast.​​

Den immobile olja kan oppta ein betydeleg del av porevolumet i eit reservoar – den immobile olja blir også kalla for residuell olje, eller restolje.​

Les mer:

Vassbaserte utvinningsmetodar

Gassbaserte utvinningsmetodar

Termiske utvinningsmetodar

EOR-screeningstudiar

 

Ta meg til toppen av sida

Oppdatert: 17.07.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.