Solide søkjarar vil leite i 24. runde
11 selskap har søkt om utvinningsløyve i 24. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Søknadsfristen gjekk ut 30. november.
I denne konsesjonsrunden blei 102 blokker eller deler av blokker lyst ut. Av desse er 9 i Norskehavet og 93 i Barentshavet.
«Oljeselskapa nominerte mange område til denne runden, og styresmaktene har lytta til selskapa med ei omfattande utlysing. Vi har motteke søknader både i Norskehavet og Barentshavet,» kommenterer Torgeir Stordal, leitedirektør i OD. Det er motteke flest søknader i Barentshavet, og selskapa er særleg interesserte i det utlyste arealet i den nordvestlege delen.
«I denne runden er dei utlyste blokkene stort sett i umodne område. Vi ser at søkjarlista er dominert av store og mellomstore selskap med god teknisk og finansiell kapasitet til å drive utforsking i slike område.»
I den 23. konsesjonsrunden søkte 26 selskap om utvinningsløyve. I 24. konsesjonsrunde var det ikkje opna nye område, slik tilfellet var framfor 23. runde. Samstundes har det førehandsdefinerte området (TFO) blitt utvida tidlegare i år, og i TFO 2017 var det svært stor interesse, med 39 selskap som leverte rekordmange søknadar. Søknadsbiletet kan tyde på at nokre aktørar prioriterer leiting i modne område i denne omgang.
11 selskap har søkt om utvinningsløyve, aleine eller i grupper:
- A/S Norske Shell
- AkerBP ASA
- Centrica Resources (Norge) AS
- DEA Norge AS
- Idemitsu Petroleum Norge AS
- KUFPEC Norway AS
- Lundin Norway AS
- OMV (Norge) AS
- RN Nordic Oil AS
- Statoil Petroleum AS
- Wintershall Norge AS
No startar arbeidet med å evaluere søknadene. Selskap som får utvinningsløyve må ha teknisk ekspertise og god geologisk forståing. Det blir også lagt vekt på finansiell styrke og erfaring.
Det er knytt fiskeri- og miljøvilkår til dei utlyste blokkene, dette er skildra i utlysingsbrevet. For å sikre ei god evaluering av søknadane er dei utlyste blokkene kartlagt av Oljedirektoratet. Olje- og energidepartementet tar sikte på å tildele nye utvinningsløyve i 24. konsesjonsrunde før sommaren 2018.
Oppdatert: 14.03.2019