Jobb

Ann-Helen-og-Petter.jpg

Ann Helen Hansen og Petter Dischington meiner at arbeidsdagane er varierte og meiningsfulle. Foto: Rune Goa/Sokkeldirektoratet.

Sokkeldirektoratet gir faglege råd til styresmaktene og utfordrar petroleumsnæringa på kompetanse og planar.

Ledige stillingar

Kvifor jobbe i Sokkeldirektoratet?

Vi set fagleg kompetanse høgt, og sikrar kvalitet gjennom tverrfagleg samarbeid og opne prosessar. Du får gode høve til kurs og kompetanseutvikling.  

Sokkeldirektoratet meiner det er viktig å balansere mellom jobb og privatliv. Vi tilbyr ei rekkje gode som fleksibel arbeidstid, heimekontor, trening i arbeidstida og tilgang til bedriftshytte.

Vi er ein lagbasert organisasjon. Som medarbeidar får du varierte oppgåver, ansvar og tillit. Vi er opptatt av å vere inkluderande, og har kultur for god kunnskapsdeling.

Som tilsett hos oss får du:

  • moglegheit til å påverke
  • eit unikt overblikk over korleis verdiane på sokkelen blir forvalta
  • være med og gjere ein skilnad for samfunnet og kommande generasjonar.

Vi har konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.

Arbeidsstad

Arbeidsstad for stillingane er Stavanger eller Harstad. Vi ber deg om ønskt arbeidsstad.

Stavanger:

  • Flotte lokale på Ullandhaug rett ved Sørmarka og sykkelstamvegen
  • Gode bussamband, parkering for tilsette, sykkelgarasje, treningsrom og garderobefasilitetar

Harstad:

  • Nye lokale sentralt i Harstad rett ved ny sykkelveg
  • Nærleik til naturen (ski, jakt, fiske og friluftsliv)
  • Gode bussamband, parkering for tilsette, sykkelgarasje, treningsrom og garderobefasilitetar

Inkludering og mangfald

Vi ynskjer mangfald blant våre tilsette i høve til kjønn, alder, etnisitet og funksjonsevne.

Sokkeldirektoratet deltar i regjeringa sin dugnad for inkludering, som har som mål å få fleire med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne ut i arbeid. Opplysningar om hol i CV eller nedsett funksjonsevne kan brukast til rapporteringsføremål.

Meir om positiv særbehandling i staten (dfo.no)

Jobb hos oss krev autorisasjon etter sikkerhetslova.

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 04.09.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00