Invitasjonar

Vi ber om at alle invitasjonar til seminar, konferansar, ekskursjonar og arrangement går til Sokkeldirektoratet som verksemd, og ikkje til den einskilde tilsette.

Invitasjonane kan sendast til postboks@sodir.no

Sokkeldirektoratet skal ha høg integritet og tillit både hos dei verksemdene forvaltninga omfattar og i samfunnet generelt.

Som del av den statlege forvaltninga er Sokkeldirektoratet si verksemd omfatta av staten sine etiske retningslinjer, mellom anna Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets «Veileder om gaver i tjenesten».

Vi har i tillegg utarbeidd eigne interne retningslinjer som regulerer våre tilsette  sin moglegheit til å delta på ulike arrangement.

Oppdatert: 13.06.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.