Organisasjon
Sokkeldirektoratet er ein fleksibel kompetanseorganisasjon som skil seg frå den meir tradisjonelle, hierarkiske forvaltninga i staten.
Vi er ein organisasjon i rørsle. Det er ingen seksjonar eller avdelingar, men rundt 70 lag med eigne mandat. Laga er delegert myndigheit for produkt, prosess og kvalitet.
Seks direktørar sit i hovudleiinga, og tolv underdirektørar i den operative leiinga.
Organisasjonen vår er delt inn i:
- Lisensforvaltning (LFV)
- Teknologi, analysar og sameksistens (TAS)
- Organisasjon, IT og dataforvaltning (OID)
Stabsområde
- Rammeverk og verksemdsstyring (ROV)
- Kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap (KOS)
Verdiane våre
- Integritet
- Tillit
- Framsyn
Verdiane våre viser kven vi er og rettleier oss i åtferda vår.
Verdiane skal utvikle og forbetre oss, og dei motiverer oss til å levere på samfunnsoppdraget vårt.
Oppdatert: 16.07.2024