Oljedirektoratet

Diskos

elin-aabo1

Diskos National Data Repository (NDR) blei oppretta og utforma av Oljedirektoratet (OD) og oljeselskapa representert på norsk kontinentalsokkel i 1995.

Diskos er eit nasjonalt datalager for leite- og utvinningsrelatert informasjon frå norsk sokkel.

Funksjonar

  • Tabellvisning og grafisk brukargrensesnitt
  • Alle tilgjengeleg brønndata, seismikk og produksjonsdata
  • Datatilgang etter til eigarskap eller bruksrett
  • Nedlasting av data online eller på media
  • Funksjonalitet for databytte mellom oljeselskapa

Utfordring

Moderne leitemetodar medfører innhenting av enorme mengder data, medan logistikken forbunde med tradisjonell datalagring ofte har vore både lite effektiv og dyr. Aktørane har dermed måtta bruke unødig mykje tid på å søke etter data og samle inn data av varierande kvalitet. Effektiv datastyring er difor viktigare enn nokon gong.

Dette er bakgrunnen for at Diskos sette opp de naudsynte behovskrava og inngjekk ein avtale med IBM om å utvikle PetroBank, ei løysning som dekte både programvare og maskinvare for oppbevaring av petrotekniske data for oljeverksemda. Diskos har sidan oppstarten i 1995 hatt fleire ulike leverandørar, men det var først i 2015 at den første PetroBank-programvara blei bytta ut. Diskos NDR blir i dag drifta av CGG, og den nye løysninga er basert på eit software kalla Trango. Front-end-løysninga er Kadmes WhereOil-plattform. Alle data, inkludert tryggleikskopiar, blir laga i sikre lagringsfasilitetar i Noreg.

Samarbeidspartnarar i Diskos

Tanken om ein nasjonal datalagringsbank oppstod i 1992 i samarbeid mellom OD og dei tre dåverande norske oljeselskapa Hydro, Saga og Statoil. Diskos-gruppa tel i dag i underkant av 50 medlemmar. I tillegg har Diskos nærmare 40 assosierte medlemmar (ikkje-oljeselskap og norske universitet).

Diskos-gruppa utviklar spesifikasjonar for software, driftsoperasjon og en kommersiell struktur, og medlemmene i gruppa bidreg både økonomisk og teknisk.

Eit nasjonal datalager

Diskos dataoppbevaring er eit datafilsystem som er blitt utforma for å lagre store mengder digitale data på vegne av selskapa og det offentlege. Dette betyr at digitale data frå den norske kontinentalsokkelen nå finst i det nasjonale petrodatalageret i Stavanger. All informasjonen i databasen er tilgjengeleg direkte på nettet for medlemmane i Diskos-samarbeidet. I tillegg finst det ein offentleg portal med utvalde metadata som er tilgjengeleg for ikkje-medlemmar, der offentlege data kan kjøpast frå Diskos sin databaseoperatør CGG.

Ved bruk at databasen Diskos kan informasjon overførast direkte til arbeidsstasjonane i høg hastigheit og med lave kostnadar, og ein kan kjøpe og selje data berre ved å endre eigarrettigheitene i datalageret. Dette er også ein praktisk metode for offentleggjering av data når konfidensialitetsperioen går ut.

Medlemmene i gruppa har ein avtale om graden av datakvalitet for alt som blir lagra i basen, slik at brukarane kan stole på at data dei hentar ut er av kjent kvalitet, levert på avtalefesta dataformat. Systemet inneheld offentleg, kvalitetsgodkjent kulturelle data (kystliner, lisensinformasjon, installasjonar osb.) frå OD.

Type data

  • Seismikk- og navigasjonsdata
  • Brønndata
  • Produksjonsdata

Diskos database - programvare

Programvara som brukt i Diskos NDR heiter Trango og Whereoil.

Først finn brukaren fram til data dei treng i datalageret. Utvalet blir gjort i ei tabellvisning eller eit geografisk brukargrensesnitt. Så snart systemet har stadfesta at ein har tilgangsrett til dei utvalde dataa blir disse henta opp frå dei høgkomprimerte lagringsmedia. Ein brukar får som regel brukartilgang innan eit halvt minutt. Dataa blir så overført til brukaren sin pc for vidaretolking. Denne snøggtilgangen utgjer utan tvil ein betydeleg fordel for oljeindustrien.

Diskos-gruppa bidreg til bruken og utviklinga av standardar for næringa.

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 27.11.2023

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00