Norsk stratigrafisk komité
Norsk stratigrafisk komité (NSK) er ein redaksjonskomité som er tilknytt dei institusjonane som har det statlege ansvaret for utforskinga av dei geologiske ressursane i landet, Noregs geologiske undersøking (NGU), Sokkeldirektoratet og Norsk polarinstitutt (NPI).
Hovedansvaret for komitéen sitt arbeid ligg hos Sokkeldirektoratet.
NSK har sidan byrjinga i 1982 vore ein kvalitetssikrar av geologisk namnsetting innanfor ansvarsområda til desse institusjonane, på land (NGU), på den norske kontinentalsokkelen (Sokkeldirektoratet) og på Svalbard og norske biland (NPI).
Føremålet er å sikre ein felles og konsistent terminologi for namngjeving av geologiske einingar mellom industri, akademia og ressursforvaltning.
NSK rapporterer inn den formelt godkjente nomenklaturen til den nasjonale namnedatabasen, GENINO, som blir driven av NGU.
Kontakt: postboks@sodir.no
Oppdatert: 20.01.2025