Arbeidsforpliktelser for utvinningstillatelser

Etter tildeling gjeld utvinningsløyvet som hovudregel for ein initiell periode (leiteperiode) på mellom fire og åtte år, med eit forplikta arbeidsprogram i fleire tidsavgrensa fasar.

I første fase kan arbeidsprogrammet være å skaffe ny seismikk, og neste fase kan være å bore ein leitebrønn. Søknader og rapportering for utvinningsløyvet er nedfelt i konsesjonsdokumentet for det einskilde løyvet.

Etter kvar fase i arbeidsprogrammet må rettshavarane innan gjeldande tidsfrist, avgjere om dei vil vidareføre løyvet til neste fase. Vilkåret for å gå vidare er at arbeidsplikta er godkjend som gjennomført. Vedtaket skal meldes til Energidepartementet med kopi til Sokkeldirektoratet.

Bruk nettportalen SMIL

Melding om vedtak sendes inn via nettportalen SMIL. Dersom det ikkje vert gjort eit slikt vedtak innan fristen, fell utvinningsløyvet bort. Informasjon om arbeidsprogrammet og status for det einskilde utvinningsløyvet ligg på Sokkeldirektoratets faktasider.

 

Er det av ulike årsaker behov for meir tid til gjennomføring av arbeidsprogrammet før ein kan vedta å gå vidare til neste fase, kan rettshavarane søke om å få utsett gjeldande tidsfristar i arbeidsprogrammet.

Send søknaden inn via nettportalen SMIL.

Les mer om SMIL-portalen

 

 

Oppdatert: 30.12.2023

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.