Tal og fakta
Felt i drift
Per 27. juni er 93 felt i produksjon på norsk sokkel. Det Aker BP-opererte Hanz-feltet i Nordsjøen starta opp 20. April.
Utbyggingsplanar
- Styresmaktene har motteke Plan for utbygging og drift (PUD) for det OKEA-opererte Bestla-prosjektet (utbygging av 31/7-1 (Brasse)) i Nordsjøen.
- PUD-en for det Equinor-opererte feltet Eirin i Nordsjøen er blitt godkjent.
- Det er levert to søknadar om fritak for PUD, desse gjeld prosjekta Lambda Statfjord og Cook på Oseberg i Nordsjøen og Sognefjord Øst på Brage i Nordsjøen.
- Styresmaktene har innvilga fritak for PUD for Solan, som er ein førekomst på Gullfaks Sør i Nordsjøen.
Brønnar
Per 20. juni er det påbegynt 24 leitebrønnar og 60 produksjonsbrønnar.
Funn
Det er gjort sju funn til no i år, to i Barentshavet og fem i Nordsjøen.
Brønn | Prospekt | Havområde | Operatør | Volum, mill. Sm3 o.e. |
25/8-23 S og 25/8-23 A og B | Ringhorne Nord | Nordsjøen | Vår Energi | 2-3,7 |
7324/6-2 | Ferdinand Nord | Barentshavet | Aker BP | 0,52-0,75 |
35/11-27 S | Cuvette | Nordsjøen | Wintershall | * |
35/10-11 S og A | Hummer | Nordsjøen | Equinor | 0,1-0,6 |
25/11-H-1 H | Nordsjøen | Equinor | 0-0,1 | |
36/7-5 S (T2) og 36/7-5 A, B og C | Cerisa | Nordsjøen | Vår Energi | 2,9-6,2 |
7324/8-4 | Hassel | Barentshavet | Aker BP | 0,51-0,7 |
Produksjon frå nyttår til og med mai
Alle tal er i millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.)
Olje | 43,3 |
Gass | 53,96 |
NGL/kondensat | 5,9 |
Totalt | 103,2 |
Aktivitet
Det pågår 27 prosjekt som har vore behandla av styresmaktene og inkluderer godkjente PUD-ar. Det er særleg dei store prosjekta på felta som har bidratt vesentleg til reservetilvekst.
Av desse prosjekta er det forventa oppstart på Johan Castberg og Balder Future løpet av 2024. Prosjekta som blei godkjent i 2023 er godt i gang. Her er Yggdrasil det største, men det er mange viktige prosjekt i alle havområda på sokkelen.
Det pågår og fleire prosjekt knytt til elektrifisering og reduserte utslepp, her blei endra planar for Njord og Draugen samt Melkøya godkjent i 2023. I tillegg er det prosjekt på Troll, Oseberg og Sleipner.
Fangst og lagring av CO2
I løpet av første halvår er det blitt lyst ut to konsesjonsrundar, i den første er det send ut tilbod til seks selskap om fire løyve. Tre område i Nordsjøen er lyst ut i den andre runden, med søknadsfrist 29.august.
Per 27. juni er det 6 aktive leiteløyve og eitt utnyttingssløyve på norsk sokkel. Totalt 13 selskap er tildelt løyve. Det er stor interesse for å lagre CO2 i undergrunnen på norsk sokkel, og det er ikkje usannsynleg at det blir fleire utlysingar i år.
Mineral på havbotnen
Sokkeldirektoratet er, på oppdrag frå Energidepartementet, i gang med å legge til rette for den fyrste konsesjonsrunden. Den kjem etter planen til hausten.
Direktoratet er departementet sin faginstans i arbeidet med å vurdere område og søknadar. Samtidig held arbeidet med å kartlegge mineralressursar og miljø i statleg regi fram.
Direktoratet har utført tre kartleggingstokt i år i samarbeid med UiT Norges arktiske universitet UiT og Universitetet i Bergen.
Les meir om mineral på havbotnen her.
Havvind
Sokkeldirektoratet har, på oppdrag frå Energidepartementet, gjennomført grunnundersøkingar for havvind i to område i Nordsjøen.
Første fase av undersøkinga i Sørlige Nordsjø II (austleg del) blei starta hausten 2022 og fullført i 2023.
Som deltakar i ei breitt samansett direktoratgruppe har Sokkeldirektoratet vore med og identifisert område på sokkelen som kan vere teknisk egna for havvind, og kor interessekonfliktane er relativt låge.
Deling av data
Dei siste par åra har Sokkeldirektoratet gjort mange tusen datasett frå område på sokkelen som er levert tilbake tilgjengelege.
Dette er eit omfattande arbeid som gjer at selskapa får tilgang til mykje meir data, som igjen bidreg til auka verdiskaping på sokkelen. Dei aller fleste av desse dataa ligg i Diskos.
Arbeidet med å gjere frigjevne data tilgjengelege held fram, etter dei tidsfristane som gjeld for kvart enkelt datasett.
*Det er fleire funn i 5/11-27 S (Cuvette). Sjå brønnmelding for volumestimat.
Oppdatert: 28.06.2024