Sokkelåret 2023: Høg aktivitet og store investeringar

illustrasjon-borekrone.png

11.01.2024 2023 var eit aktivt år på norsk sokkel. 92 felt var i drift ved årsskiftet, 27 prosjekt under utbygging og det blei bora mange leitebrønnar.

Produksjonen var noko lågare i 2023 enn venta for eit år sidan. Det kjem hovudsakleg av ikkje-planlagde og forlenga vedlikehaldsstansar på fleire landanlegg og felt.

Konsekvensane for gassproduksjonen var størst i sommarhalvåret, då etterspurnaden var mindre. Frå litt ut på hausten gjekk produksjonen for fullt, og særleg november og desember var gode månadar for gasseksport.

Foreløpige tal for desember viser at det ligg an til ny eksportrekord for ein enkelt månad med i underkant av 12 milliardarar standard kubikkmeter..

Den høge aktiviteten som har prega 2023 vil halde fram gjennom 2024.

Norsk sokkel er svært viktig for energitryggleiken i Europa i mange år framover.

I 2022 blei det tatt mange investeringsbeslutningar, desse prosjekta blei godkjente av styresmaktene i fjor. 27 prosjekt er no under bygging, og dei bidrar til stor aktivitet i leverandørindustrien.

Dette viser at den midlertidige skatteendringa som blei vedtatt i 2020 har hatt svært positiv effekt for norsk leverandørindustri.

Som følge av høg utbyggingsaktivitet er det venta at olje- og gassproduksjonen vil vere stabil dei nærmaste åra. Dei nye felta som kjem i drift kompenserer på kort sikt for lågare produksjon frå aldrande felt.
Samanlikna med prognosar presentert i Sokkelåret i fjor, ser vi ein relativt stor auke i investeringane for 2023 og 2024.

Det kjem mellom anna av høg aktivitet i industrien, ein svakare norsk valuta og kostnadsvekst. Enkelte prosjekt har akselerert investeringane og fleire felt får forlenga levetid og må difor investere i oppgraderingar.

I 2023 blei det påbegynt 34 leitebrønnar. 23 av desse var undersøkingsbrønnar, der det blei gjort 14 funn.

Det er viktig at det blir leita rundt infrastrukturen slik at funn kan knyttast tilbake og skape verdi medan felta framleis er i drift.

Sokkeldirektoratet skulle likevel gjerne sett at selskapa utforska mindre kjende områder meir aktivt. For å kunne realisere meir av ressurspotensialet, må selskapa i større grad våge å prøve ut nye idear i mindre kjente område.

Framleis er det stor interesse for dei årlege tildelingane i førehandsbestemte område (TFO). 25 selskap søkte på nytt areal i TFO 2023.

Interessa for å lagre CO2 på norsk sokkel er stadig aukande. Basert på eige arbeid har direktoratet tidlegare vist at det er eit stort potensial for sikker lagring av CO2 på den norske kontinentalsokkelen.

Sidan 2020 er det tildelt seks leiteløyve som no blir utforska, og fleire selskap ser no på prosjekt som tek sikte på å etablere verdikjeder for fangst av CO2, transport frå Europa og lagring på norsk sokkel.

For Sokkeldirektoratet blir det viktig å legge til rette for tildeling av fleire leiteløyve der CO2 kan lagrast i god sameksistens med petroleumsverksemda og andre næringar på havet.

Den 9. januar i år vedtok Stortinget å slutte seg til regjeringa sitt forslag om å opne delar av norsk kontinentalsokkel for mineralsverksemd. Endeleg vedtak blir behandla ved kongeleg resolusjon.

Det betyr at kommersielle aktørar no kan bidra til å få avklart om det finst mineralressursar som er kommersielt attraktive å utvinne, og om ein kan utvinne dette på ein berekraftig måte.

No blir det sett i gang ein prosess for å lyse ut og tildele løyve etter havbotnminerallova.

Samstundes blir det viktig å halde fram med kartlegginga av ressursar og miljø i statleg regi.

Les tall og fakta her (Rapport)

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 11.01.2024

Siste nyheter

Forbedret sokkelkart
21.02.2025 Sokkeldirektoratets faktakart er oppgradert, noe som gjør tjenesten enklere å bruke.
Tørr brønn i Norskehavet (6306/6-3 S)
21.02.2025 Aker BP ASA og partnerne har boret tørt i prospektet «Bounty Updip» i Norskehavet.
Liten økning i olje- og gassressursene på sokkelen
20.02.2025 De totale petroleumsressursene på norsk sokkel økte litt i fjor, viser årets «vareopptelling» – ressursregnskapet for 2024.
Produksjonstal januar 2025
20.02.2025 Førebels produksjonstal i januar 2025 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 990 000 fat olje, NGL og kondensat.
CO2-lagring på norsk sokkel kan bli en ny industri
10.02.2025 I fjor ble det gitt flere tillatelser for lagring av CO2 på norsk sokkel enn noen gang tidligere.
Boreløyve for brønnbane 7220/7-CD-1 H
10.02.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnbane 7220/7-CD-1 H i utvinningsløyve 532, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Nordsjøen (35/6-5 S)
06.02.2025 Aker BP ASA og partnerne har boret tørt i prospektet «Njargasas» i Nordsjøen.
Høring – forslag til ny forskrift om datainnsamling og dokumentasjon i mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen
05.02.2025 Sokkeldirektoratet fremlegger med dette forslag til ny forskrift om datainnsamling og dokumentasjon i mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen til offentlig høring. 
Boreløyve for brønnbane 7/1-4 S
31.01.2025 Sokkeldirektoratet har gitt Vår Energi ASA boreløyve for brønnbane 7/1-4 S i utvinningsløyve 1090, jf. ressursforskrifta paragraf 13.
Tørr brønn i Norskehavet (6305/10-1)
22.01.2025 Orlen Upstream Norway og partner Norske Shell har boret tørt i undersøkelsesbrønn 6305/10-1 «Tomcat» i den sørlige delen av Norskehavet.