Produksjonstal september 2024

statfjordB-harald-pettersen-equinor.jpg

Statfjordfeltet med Statfjord B i forgrunnen. (Foto: Harald Pettersen/Equinor)

21.10.2024 Førebels produksjonstal i september 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 720 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 7,2 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 3,6 (GSm3) mindre enn månaden før.

Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 591 000 fat olje, 110 000 fat NGL og 19 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Produksjonstall september 2024

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon september 2024 1,600 1,734 241,4 0,517
 
Prognose for september 2024 1,568 1,730 249,3 0,524
Avvik frå prognose 0,032 0,004 -7,8 -0,007
Avvik frå prognose i % 2 % 0,2 % -3,1 % -1,3 %
 
Produksjon august 2024 1,780 2,000 349 0,667
Endring frå august 2024 -0,180 -0,266 -107,6 -0,150
Endring i % frå august 2024 -10,1 % -13,3 % -30,8 % -22,5 %
 
Produksjon september 2023 1,677 1,853 201,3 0,496
Endring frå september 2023 -0,077 -0,119 40,2 0,021
Endring i % frå september 2023 -4,6 % -6,4 % 20 % 4,2 %

Oljeproduksjon september 2024

Væskeproduksjon september 2024

Gassproduksjon september 2024

Oljeproduksjonen er 1,5 prosent over Sokkeldirektoratet sin prognose for september 2024 og 3,3 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2024.

Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2024 er om lag 180,7 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.

Av dette er om lag 77,0 MSm3 o.e olje, om lag 10,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 93,6 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 9,1 MSm3 o.e. meir enn i 2023.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 21.10.2024