Undersøkingsbrønnar eldre enn 20 år

I 1996 initierte Sokkeldirektoratet industriprosjektet "Evaluation of Norwegian Wildcat Wells".

Eitt av føremåla var å samanlikne prospektparameter og ressursstorleik i operatøren sin prognose før boring med resultatet etter boring, og ei vurdering av årsak til tørre brønnar. Slik kunnskap kan vere nyttig i framtidig leiteverksemd.

Prosjektet inkluderte undersøkingsbrønnar bora i perioden 1990-2002. Datasettet er basert på eit standardskjema som blei utarbeidd i fellesskap av oljeselskapa og Sokkeldirektoratet. Analysane viste mellom anna at det var ein generell tendens til overestimering av voluma før boring.

I etterkant av studia blei det, i samråd med industrien, avgjort å rapportere inn slike data til ein permanent ordning. Etter ressursforskrifta § 31 skal rettshavar rapportere prognose og resultat av undersøkingsbrønnar seks månadar etter boring.

Sokkeldirektoratet har teieplikt om data, materiale og opplysningar som blir sendt til offentlege styresmakter. Frå 1. januar 2023 er lengda på teieplikta for tolka data forkorta frå 20 til 5 år. I tillegg kan Sokkeldirektoratet frigi tolka data eitt år etter at selskapa gav opp løyvet eller leverte området tilbake. Datasettet vil bli oppdatert ein gong i året, i første kvartal.

Om datasettet

For kvar brønn kan det vere eit eller fleire prospekt. For kvart prospekt kan det vere éin eller fleire prognosar og eitt resultat (sjå kolonne I, "Prognosis - Result"), der kvar av desse er representert med éi rad i Excel-fila. Dataa representerer synet til operatøren på rapporteringstidspunktet, og speglar ikkje eventuelle seinare resultat av avgrensingsboringar eller re-evalueringer. Estimat og volumparameter skal i utgangspunktet oppgjevast med uvissespenn. Omfang og kvalitet av rapporterte data varierer, og for ein del ligg berre basisestimat føre. 

Sokkeldirektoratet har i nokre tilfelle justerte eller standardiserte formasjonsnamn, strukturelement og andre data, og gjort enkelte korrigeringar. Sokkeldirektoratet fråskriv seg, i samsvar med NLOD, alt ansvar for kvaliteten, inkluderte feil og manglar til datasettet, og ansvar for kva datasettet blir brukt til.  

Overskriftene i rad 1 i Excel-fila er tilpassa og delvis lagt til farge for å gjere informasjonen meir lesarvennleg og lettare å finne fram i. Dei opphavlege databasenamna per parameter ligg i rad 2. I tillegg til Excel-fila blir dataa også lagt ved i ei CSV-fil (der rad 1 i Excel-fila er utelaten).

 

"Improving the Exploration Process by Learning from the Past" (K. Ofstad, J.E. Kittilsen & P. Alexander-Marrack (redaktører), NPF Special Publication 9, Elsevier, 2000)

Opp gjennom åra er det publisert og presentert fleire studium basert på prognose/resultat-datasettet, både på konferansar og i fleire av Sokkeldirektoratets ressursrapportar. Dei første studia blei presentert på Norsk Petroleumsforenings (NPF) konferanse i Haugesund i 1998, og inngår i publikasjonen i etterkant av konferansen: «Improving the Exploration Process by Learning from the Past» (K. Ofstad, J.E. Kittilsen & P. Alexander-Marrack (redaktører), NPF Special Publication 9, Elsevier, 2000). 

 

Oppdatert: 13.06.2024

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.