Oljedirektoratet

Ressursrekneskap per 31.12.2020

Oljedirektoratets estimat for totale påviste og ikkje påviste petroleumsressursar på norsk kontinentalsokkel er om lag 15,8 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar.

Ressursrekneskapen er ein oversikt over Oljedirektoratet (OD) sine estimat for dei  totale påviste og ikkje påviste petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel.

Ressursar er et samleomgrep for all olje og gass som kan utvinnast. Ressursane blir klassifiserte etter kor modne dei er, det vil sei kor langt de er komne i planlegginga fram mot produksjon. Hovedklassane er reservar, betinga ressursar og ikkje påviste ressursar.

Olje og kondensat blir oppgitt i millionar standard kubikkmeter (Sm3). NGL blir oppgitt i millionar tonn, og gass blir oppgitt i milliardar standard kubikkmeter. Omrekningsfaktoren for NGL i tonn til Sm3 er 1,9. 1000 Sm3 gass = 1 Sm3 oljeekvivalentar (o.e.). Sum oljeekvivalentar blir oppgitt i millionar Sm3 o.e.

Denne artikkelen har også med ein oppsummering av OD sin ressursrekneskap etter UNFC-klassifiseringa. en.

Totale ressurser

Basisestimatet i Ressursrekneskapen viser at dei totale påviste og ikkje påviste petroleumsressursane på norsk sokkel er om lag 15,8 milliarder standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Dette er 28 millionar meir enn per 31. desember 2019. 49 prosent av ressursane, eller 7,8 milliarder Sm3 o.e, er selde og leverte.

Oljedirektoratet anslår at det er 8 milliarder Sm3 o.e. gjenverande ressursar. Estimata er usikre og varierer mellom 5,9 og 10,8 milliardar Sm3 o.e.

Av anslaget på 8 milliarder Sm3 er 4,2 milliarder Sm3 o.e, eller 52 prosent, påviste ressursar.

Estimatet for ressursar som ikkje er påviste er på 3,8 milliardar Sm3 o.e. Om lag 60 prosent av desse ligg i område som er opna for petroleumsverksemd. Estimatet er redusert med 75 millionar Sm3 o.e. som tilsvarer det som blei påvist gjennom leiting i 2020. 

 

Petroleumsressursar og usikkerheit i estimata per 31. desember 2020

Petroleumsressursar og usikkerheit i estimata per 31. desember 2020

 

Totale petroleumsressurser på norsk kontinentalsokkel per 31. desember 2020

 

Olje
mill. Sm3

Gass
mrd. Sm3

NGL
mill. tonn

Kondensat
mill. Sm3

Sum o.e.
mill. Sm3

Solgt og levert

4529,0

2681,8

236,0

116,8

7776,1

Reserver

1124,9

1440,3

75,5

18,3

2727,0

Betingede ressurser i felt

346,2

342,1

16,9

2,6

722,9

Betingede ressurser i funn

348,5

313,1

21,9

2,4

705,5

Ikke oppdagede ressurser

1940,0

1775,0

0,0

120,0

3835,0

Totalt

8288,6

6552,1

350,3

260,1

15766,4

 

Norsk kontinentalsokkel - endringer fra 2019

 

Endring
Olje

mill. Sm3

Endring
Gass

mrd. Sm3

Endring
NGL

mill. tonn

Endring
Kondensat

mill. Sm3

Endring
Sum o.e.

mill. Sm3

Solgt og levert

98,2

110,3

8,3

1,7

226,0

Reserver

-44,1

-104,2

-11,6

-2,4

-172,8

Betingede ressurser i felt

11,0

32,1

1,6

0,2

46,4

Betingede ressurser i funn

-4,3

2,9

5,1

-5,0

3,3

Ikke oppdagede ressurser

-45,0

-30,0

0,0

0,0

-75,0

Totalt

15,8

11,2

3,4

-5,5

27,9

Last ned: Tabell (Excel)

 

Reservar

Reservar er utvinnbare petroleumsmengder som ikkje er produsert, men som er vedteke å produsere. Dette omfattar både dei ressursane der styresmaktene har godkjent plan for utbygging og drift (PUD) og dei ressursane som rettighetshaverne, det vil sei selskapa i utvinningsløyvet, har vedteke å produsere, men som ennå ikkje har dei naudsynte løyva frå styresmaktene.

Ved årsskiftet var reservane 2727 millionar Sm3 o.e. Av dette er 53 prosent gass. Bruttoreservane, eller anslaget før produksjonen er trekt i frå, har auka med 53 millioner Sm3 o.e samanlikna med året før.

Produksjonen i 2020 var på 229 millioner Sm3 o.e. Endringa i rekneskapen er på 226 millionar Sm3 o.e. Dette er ein rekneskapsteknisk endring som inneber ein netto reduksjon i reservane på 173 millionar Sm3 o.e, eller om lag 6 prosent.

Betinga ressursar

Betinga ressursar er påvist olje og gass som det ennå ikkje er vedteke å produsere. Petroleumsmengder i prosjekt som kan auke utvinninga på felt i drift er inkludert i denne klassen. Tilveksten i kategorien betinga ressursar kjem både frå nye funn og frå endra ressursanslag og nye moglegheiter i felt og funn. Kvart år blir det beslutta å byggje ut ein del av dee betinga ressursane. Då blir dei flytta til kategorien reserver.

Ved årsskriftet var dei betinga ressursane 1428 millionar Sm3 o.e. Dette tilsvarer 34 prosent av dei gjenværande påviste ressursane. Ressursar som er vurdert til ikkje å kunne utvinnast kommersielt, er ikke med i rekneskapen.

I 2020 blei det avslutta 34 undersøkingsbrønnar, og det blei gjort 15 funn; sju i Norskehavet, åtte i Nordsjøen. Samla estimat for funna som vi antar kan/vil bli byggde ut er 76 millioner Sm3 o.e. Fleire av funna er ikkje ferdig evaluerte, og estimata er derfor svært usikre. Eit av funna i 2020 blir vurdert som lite sannsynleg å byggje ut, ressursane i dette er ikkje tatt med i rekneskapen.

Ressursane i funn har auka med 3 millionar Sm3 o.e, til 705 millionar Sm3 o.e..  Dette utgjer 17 prosent av dei totale gjenværende påviste ressursene.. Endringen er liten og skyldes en kombinasjon av flere forhold. Det har vært god tilvekst fra nye funn i 2020, men samtidig er 14 av funnene i fjorårets regnskap nå vurdert med lav sannsynlighet for utbygging og tatt ut av årets regnskap. Andre endringer kommer av innleverte utbyggingsplaner og endrede anslag for flere funn.

Betingede ressurser i felt utgjør 723 millioner Sm3 o.e., eller 17 prosent av de totale påviste ressursene som er igjen. Av dei betinga ressursane er 265 millioner Sm3 o.e. moglege  tiltak i felt (RK 7A), desse er ikkje med i tabellane for dei enkelte havområda. I 2020 auka dei betinga ressursane i felt med 46 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i 2019. Denne auken kan forklarast med at fleire det på flere felt er identifisert moglege tiltak for å auke utvinninga mellom anna annet ved å bore fleire brønnar eller å forlenge levetida på innretningen og dermed forlenge produksjonsperioden.

Ikkje påviste ressursar

Ikkje påviste ressursar inkluderer olje og gass som trulig finst og kan produserast, men som ennå ikke er påvist ved boring. Ressursanslaget for dei ressursane som ikkje er påvist blei oppdatert i 2019, og ei slik oppdatering blir gjort annan kvart år. Neste oppdatering blir dermed i 2021.

Ressursane som ikkje er påvist er justert ved å trekke frå leiteresultata i 2020. Estimatet ressursrekneskapen i er 3835 millioner Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 75 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor. Ikkje påviste ressursar utgjer om lag 48 prosent av dei totale ressursene som er igjen på norsk sokkel. Om lag 60 prosent av ikkje påviste ressursar ligg i område som er opna for petroleumsverksemd.

Anslag over ikkje påviste ressursar er svært usikre.

UNFC-klassifisering

United Nations Framework Classification System (UNFC) (på engelsk) er eit klassifiseringssystem som mellom anna er laga for å kunne samanlikne ressursanslag på tvers av ulike klassifikasjonssystem, og dermed på tvers av land og organisasjonar.

Sidan 2014 har Oljedirektoratet og klassifisert dei norske petroleumsressursane etter UNFC.

Ressursane i kvart av dei om lag 700 norske prosjekta som inngår i ressursrekneskapen er sortert langs tre aksar; E-, F- og G-aksen. Desse representerer ulik grad av miljø/sosioøkonomisk attraktivitet, teknisk modning og usikkerheit.

Den norske ressursrekneskapen per 31. desember 2019 transformert til UNFC kan summerast opp som vist i tabellen med ressursrekneskapen under fanen «UNFC».

Ei forklaring på metodikken som er nytta for konvertering frå det norske systemet til UNFC, finst i denne publikasjonen fra 2014 (på engelsk).

Ressursar per havområde

Nordsjøen har om lag 43 prosent av ressursane som er igjen. 38 prosent ligg i Barentshavet og 19 prosent i Norskehavet. Ein stor del av dei forventa ressursane som er igjen i Barentshavet, er ennå ikkje påvist.

Ved årsskiftet er det 67 produserande felt i Nordsjøen. I 2020 starta produksjonen på eit nytt felt,  Skogul, og i tillegg startet produksjonen frå Tor-feltet som er bygt ut på nytt. Produksjonen frå Gyda-feltet blei stengd ned i 2020 etter mest 30 år med produksjon, 10 år meir enn anslått i utbyggingsplanen.

I Norskehavet er det 20 felt i produksjon. Eit nytt felt, Dvalin, starta produksjon. Ærfugl-feltet hadde offisiell oppstart i november 2020 (rekneskapsteknisk er ressursane i Ærfugl lagt inn under Skarv-feltet). I Barentshavet er det to produserande felt.

Petroleumsressursar som er igjen fordelt på havområde per 31. desember 2020

Ressurser per havområde


Nordsjøen

Ressursrekneskapen for Nordsjøen viser at det er seld og levert 166 millioner Sm3 o.e. frå denne delen sokkelen i 2020. Bruttoreservane økte auka med 71 millioner Sm3 o.e., før produksjonen er trekt frå. Reservene som er igjen i Nordsjøen blei redusert med 96 millioner Sm3 o.e. i 2020. Reservane utgjer ved årsskiftet 2023 millionar Sm3 o.e.

Det største bidraget til auken i bruttoreservar kjem frå Breidablikk der det blei levert plan for utbyggjing og drift (PUD) PUD i 2020. Planen omfattar funna 25/11-27 (F-struktur) og 25/8-4 (D-struktur). I tillegg har reservane på Hod auka som resultat av at det er levert inn PUD for vidareutvikling av feltet. Reservane på flei, til dømes Edvard Grieg, Sleipner Vest og Statfjord har auka, mens reservane på Valhall er redusert.

Betinga ressursar i felt er redusert med 18 millioner Sm3 o.e. i 2020. Årsaken er at det er levert PUD for vidareutvikling av Hod.  

Betinga ressursar i funn er redusert med 13 millioner Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor. Årsaken til reduksjonen er at det er levert PUD for Breidablikk, men tilveksten frå nye funn gjer reduksjonen liten. Det er gjort åtte funn i Nordsjøen i 2020. Ressurstilveksten frå sju av funna utgjer om lag 22 millioner Sm3 o.e.

Estimatet for de ikkje påviste ressursane er 665 millionar Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 20 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i fjor.

Totale petroleumsressurser i Nordsjøen
per 31. desember 2020

 

Olje
mill. Sm3

Gass
mrd. Sm3

NGL
mill. tonn

Kondensat
mill. Sm3

Sum o.e.
mill. Sm3

Solgt og levert

3882,0

2009,9

167,4

70,4

6280,3

Reserver

917,7

1015,7

46,9

0,0

2022,6

Betingede ressurser i felt

150,5

127,4

10,9

0,0

298,8

Betingede ressurser i funn

178,3

139,8

10,8

0,0

338,7

Ikke oppdagede ressurser

375,0

240,0

0,0

50,0

665,0

Totalt

5503,6

3532,8

236,1

120,4

9605,4



Nordsjøen - endringer fra 2019

 

Endring
Olje

mill. Sm3

Endring
Gass

mrd. Sm3

Endring
NGL

mill. tonn

Endring
Kondensat

mill. Sm3

Endring
Sum o.e.

mill. Sm3

Solgt og levert

85,3

70,3

5,4

0,2

166,1

Reserver

-26,0

-55,6

-7,3

0,0

-95,5

Betingede ressurser i felt

-12,5

-7,0

0,6

0,0

-18,3

Betingede ressurser i funn

-26,7

8,1

3,1

0,0

-12,7

Ikke oppdagede ressurser

-15,0

-5,0

0,0

0,0

-20,0

Totalt

5,2

10,8

1,8

0,2

19,6

Last ned: Tabell (Excel)

 

Norskehavet

Ressursrekneskapen for Norskehavet viser at det ble selt og levert 54 millionar Sm3 o.e frå denne delen av sokkelen det siste året. Samtidig er bruttoreservane redusert med  9 millionar Sm3 o.e før produksjonen er trekt frå. Dette gir ein reduksjon i reservar som er igjen i Norskehavet på 64 millioner Sm3 o.e i 2020. Reservane utgjer ved årsskiftet 428 millioner Sm3 o.e.

Årsaken til reduksjonen i bruttoreservar er mellom anna atreservane i felta Aasta Hansteen og Trestakk er reduserte samanlikna med rekneskapen i fjor.

Dei betinga ressursane i felt har auka med 27 millionar Sm3 o.e i 2020. Årsaken er at mange felt har identifisert fleire tiltak for å auke utvinninga med mellom anna boring av fleire brønner.

Estimatet for betingea ressursar i funn har auka med 31 millioner Sm3 o.e samanlikna med i året før. Det blei gjort sju funn i Norskehavet i 2020. To av de største funna i 2020 blei gjort i Norskehavet. Samla ressurstilvekst frå dei nye funna er på 54 millionar Sm3 o.e.

Estimatet for ressursar som ikkje er påviste er på 665 millioner Sm3 o.e. Dette er ein reduksjon på 55 millioner Sm3 o.e samanlikna med rekneskapen året før.

 

Totale petroleumsressurser i Norskehavet
per 31. desember 2020

 

Olje
mill. Sm3

Gass
mrd. Sm3

NGL
mill. tonn

Kondensat
mill. Sm3

Sum o.e.
mill. Sm3

Solgt og levert

633,0

608,1

65,5

37,6

1403,2

Reserver

100,8

278,9

23,5

3,7

428,0

Betingede ressurser i felt

39,9

67,9

5,2

1,8

119,5

Betingede ressurser i funn

55,4

144,3

10,8

1,4

221,6

Ikke oppdagede ressurser

265,0

365,0

0,0

35,0

665,0

Totalt

1094,2

1464,2

105,0

79,5

2837,3

 

Norskehavet - endringer fra 2019

 

Endring
Olje

mill. Sm3

Endring
Gass

mrd. Sm3

Endring
NGL

mill. tonn

Endring
Kondensat

mill. Sm3

Endring
Sum o.e.

mill. Sm3

Solgt og levert

10,4

37,6

2,7

1,0

54,3

Reserver

-15,4

-39,7

-3,9

-1,2

-63,7

Betingede ressurser i felt

12,9

11,2

1,6

0,0

27,1

Betingede ressurser i funn

26,0

3,9

3,0

-4,8

30,8

Ikke oppdagede ressurser

-30,0

-25,0

0,0

0,0

-55,0

Totalt

3,9

-11,9

3,4

-4,9

-6,5

Last ned: Tabell (Excel)

 

Barentshavet

ressursrekneskapen for Barentshavet viser at det blei selt og levert 6 millioner Sm3 o.e. det siste året. Bruttoreservane er redusert med 8 millionar Sm3 o.e. før produksjonen er trekt frå. Dette gir ein total reduksjon i reservar som er igjen på 14 millionar Sm3 o.e. i 2020. Reservane utgjer ved årsskiftet 276 millionar Sm3 o.e. Årsaken til reduksjonen i bruttoreservar er at reservane i Snøhvit- feltet er redusert på grunn av oppdatering av reservoarmodellen.

Dei betinga ressursane i felt har auka med 3 millioner Sm3 o.e. og dei betinga ressursane i funn er redusert med 15 millionar Sm3 o.e. samanlikna med rekneskapen i 2019. Årsaken til reduksjonen er at anslaget for ressursr som kan utvinnast er redusert i fleire funn. I tillegg er funnet 7324/6-1 (Sputnik) vurdert som lite sannsynlig å byggje ut, og det er derfor ikke med i rekneskapen. Det blei ikkje gjort funn i Barentshavet i 2020.

Ressursene i Barentshavet som ikkje er påvist inkluderer volum i Barentshavet sør, søraust og nordaust. Estimatet i 2020 er 2505 millioner Sm3 o.e., dette er uendra samanlikna med rekneskapen året før.

 

Totale petroleumsressurser i Barentshavet
per 31. desember 2020

 

Olje
mill. Sm3

Gass
mrd. Sm3

NGL
mill. tonn

Kondensat
mill. Sm3

Sum o.e.
mill. Sm3

Solgt og levert

14,0

63,8

3,1

8,9

92,6

Reserver

106,4

145,7

5,1

14,6

276,4

Betingede ressurser i felt

5,7

31,7

0,8

0,8

39,7

Betingede ressurser i funn

114,8

28,9

0,2

1,0

145,1

Ikke oppdagede ressurser

1300,0

1170,0

0,0

35,0

2505,0

Totalt

1540,9

1440,1

9,2

60,2

3058,8

 

Barentshavet - endringer fra 2019

 

Endring
Olje

mill. Sm3

Endring
Gass

mrd. Sm3

Endring
NGL

mill. tonn

Endring
Kondensat

mill. Sm3

Endring
Sum o.e.

mill. Sm3

Solgt og levert

2,4

2,4

0,2

0,5

5,6

Reserver

-2,6

-9,0

-0,4

2

-13,6

Betingede ressurser i felt

0,6

3,0

-0,6

0,2

2,7

Betingede ressurser i funn

-3,6

-9,1

-1,0

-0,2

-14,9

Ikke oppdagede ressurser

0,0

0,0

0,0

0,0

0,0

Totalt

-3,3

-12,7

-1,8

-0,8

-20,2

Last ned: Tabell (Excel)

 

Olje og kondensat blir oppgitt i millioner standard kubikkmeter (Sm³). NGL blir oppgitt i millionar tonn, og gass blir oppgitt i milliardar standard kubikkmeter. Omrekningsfaktor for NGL i tonn til Sm³ er 1,9. Sum oljeekvivalentar blir oppgitt i millionar Sm³ o.e., 1000 Sm3 gass = 1 Sm³ o.e.

 

 

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00

Oppdatert: 10.07.2023

Fant du det du lette etter?

Ikke skriv inn personopplysninger her.

Vi svarer ikke på henvendelser fra dette skjemaet. Tilbakemeldinger gitt her brukes kun til forbedring av nettstedet.

Kontakt
postboks@sodir.no

Tlf: +47 51 87 60 00