Produksjonstal august 2024

nyhetsbilder_od16-rigg.jpg

Illustrasjonsbilde

20.09.2024 Førebels produksjonstal i august 2024 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 982 000 fat olje, NGL og kondensat.

Til saman blei det selt 10,8 milliardar standard kubikkmeter gass (GSm3), som er 0,4 (GSm3) mindre enn månaden før.

Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1 765 000 fat olje, 198 000 fat NGL og 19 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er 7,5 prosent over Sokkeldirektoratet sin prognose for august 2024 og 3,3 prosent over prognosen for kumulativ produksjon i 2024.

 

Produksjonstall august 2024

Olje
mill fat/dag
Sum væske
mill fat/dag
Gass
MSm³/dag
Totalt
MSm³ o.e/dag
Produksjon august 2024 1,780 2,000 349 0,667
 
Prognose for august 2024 1,642 1,878 314,6 0,613
Avvik frå prognose 0,138 0,122 34,4 0,054
Avvik frå prognose i % 8,4 % 6,5 % 10,9 % 8,8 %
 
Produksjon juli 2024 1,826 2,083 360,7 0,692
Endring frå juli 2024 -0,046 -0,083 -11,6 -0,025
Endring i % frå juli 2024 -2,5 % -4 % -3,2 % -3,6 %
 
Produksjon august 2023 1,790 2,013 313,7 0,634
Endring frå august 2023 -0,010 -0,013 35,3 0,033
Endring i % frå august 2023 -0,6 % -0,6 % 11,3 % 5,2 %

Oljeproduksjon august 2024

Væskeproduksjon august 2024

Gassproduksjon august 2024

Den totale petroleumsproduksjonen hittil i 2024 er om lag 165,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) petroleum på norsk sokkel.
Av dette er om lag 69,3 MSm3 o.e olje, om lag 9,4 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 86,3 MSm3 o.e gass. Totalvolumet er 8,4 MSm3 o.e. meir enn i 2023.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 20.09.2024